Etter me hadde gaula oss igjøno «hode skulder kne og tå, kne og tå» og «vær forsiktig lille øye hva du ser», med Hebbe Herbjørg – var det tid for kanonball i gamle gymsalen på Fitjo.
Kanonball, fantes det noko meir døllt en dette hersens ballspelet der ein skulle treffa motstanderen med ein ball. Muligens den lokale varianten av amerikansk baseball, på osterøysk kalla slåball. Dette var ei skuleoppfinning for å leva opp til den myten med «mot i brystet vett i stål osv. osv.»
Det var nok ein grunn til me skreik opp synkront i klassen og var glad kvar gong det var opplett, og me kunne sparka fotball. Men nei då, dette fandens ballspelet slapp me ikkje unna. Det vart berre streka opp utanfor, og me fekk nok ei økt med kanonball. Eg kom på desse før i tiæ leikane når ein les kva ungane vært tilbydd no i haustferien, av Osterøy Kommune. Leik, morro, og yoga, og bevegelse etter musikk. Robot, elektronikkurs, dramakurs, i høstferien.
Poteferie – plukka potet og gardsarbeid
I gamle dager vart det kalla poteferie, avdi då kunne ungane væra med å plukka potet og gardsarbeid, eller hjelpa til heime, vaska kle, vaska hus, etc., rydda rommet, lesa ei Hardy bok. Men ein ting er kanskje like bra. Dei slepp i det minste spela kanonball ungane no til dags. Det positive er kanskje at ein i ettertid fekk eit fysisk utbytte av kanonball, og at ein vart i betre form av dette.
I ettertid i småskulen likte eg Hebbe Herbjørg sine timer best, der me starta med akkurat nok gymtimar integrert med litt jesus og co inn i mellom. Vær forsiktig lille øye hva du ser, hode skulder kne og tå, jesus i getsemane, noen barn er brune, ola ola heia, og salme 778..Matpause, bokopplesing, 2 skjeve med peanuttbutter, og mjølk på flaske.
Den opveksande generasjon: – Er det rart at dei sniffar, drikk, spyr
Krigshisseri – kanonball
Men då byrja tankane å kretsa om det eg i seinare kalla djevelens utspekulerte ballspel: Kanonball. Det ligg jo i ordet då Kanonball. Krigshisseri, kanonball, der de var om å gjæra å treffa motstanderen hard med ein ball. Kanonball er fortsatt ein lagsport som er vanlig i gymundervisningen, men det er ikkje blitt ein olympisk øvelse. I Usa vært det kalla Dodgeball. Eg vart aldri noko kanonball fan. Når det er sagt. Den beste trimmen fekk eg før kristendomstimen med hode skulder kne og tå. Akkurat nok trim til å ikkje verta andpusten, og ta til meg andeleg lærdom som set i enda.
Er det nokon som spelar kanonball for tida?
Eg melde pass, og tar eit slag poker og les Morgan Kane istaden for. Er det nokon ungar som veks opp som veit kven Morgan Kane er forresten? Eller Månestråle i Sølvpilen?
Det burde dei. I alle høve meir spennande en Kanonball. Eg er jo interessert i ballspel då. Men ein stad går grensa: Kanonball. Eller det eg seinare vill kalla honen pitle fandens dækelskap spel : Kanonball…….
(c) KULE KURT POESI: – 70 talls skillingsboller. . retro poesi
Ærede leser av Riksjournalen. De har nok en håndfull gode minner fra dine glansdager.
Hva om du deler de med Riksjournalens lesere?
kontakt@riksjournalen.no